Ofte stilte spørsmål
Kvar er festivalen,
og korleis kjem eg meg dit?
X2 Festivalen har base i den vesle bygda Volda i Møre og Romsdal. Du kjem deg dit ved å anten nytte buss, køyre bil eller fly med Widerøe. Det går fleire bussar dagleg frå både Oslo og Trondheim til Volda, kjøp billettar på vybuss.no. Vil du køyre bil til Volda tek det åtte timar frå Oslo, og syv timar frå Trondheim og Bergen.
Opningstidar til festivalområdet
Festivalområdet er opent frå kl.17:30 kvar kveld og frå dette tidpunktet og utover har vi eit fullt kveldsprogram. Festivalområdet stenger kl.01:30 natt til fredag, og 02:30 natt til lørdag og søndag.
Aldersgrense?
Kveldsarrangementa har aldersgrense 18 år. Å vere tilskodar på konkurransane har inga aldersgrense. Aldersgrensa for å delta i sportane varierer noko. Du finn meir informasjon om dette etterkvart på sportssida til konkurransen du ønskjer å delta i på.
nettsida vår!
Kvar kan eg overnatte?
Det finst fleire alternativ for overnatting i Volda og omegn. X2 har ein eigen festivalcamp på Årneset i Volda som er gratis. I tillegg er det moge- leg å leige hytte, bruke AirBnB eller bu på Volda Turisthotell som ligg like ved festivalområdet. Ørsta ligg berre ein ti minutter køyretur frå festivalområdet, og her er det også moglegheit for overnatting, til dømes på Hotell Ivar Aasen.
Korleis kjem eg meg til sportane?
Mange av sportane har base i Volda og er innan gåavstand. Elles går det festivalbuss til Loen.
Eg vann! Kvar kan eg hente
premien min?
Vi har premieutdeling laurdag kveld på festivalområdet, under XAwards.Har du ikkje høve til å stille her, ta kontakt med nokon som jobbar på festivalen før du drar, slik at du får med deg premien.