

XWAVE
20 - 23. April
TBA
TBA
X2 Festivalen og Brettforbundet inviterar til fyrste stopp i Norgescupen 2023 i surfing! Det blir magisk stemning både for deltakarar og publikum, med sal av mat og drikke, musikk og oppdateringar på score i kvart heat. XWave varar i omtrent 8 timar, så kle deg etter vêrmeldinga og gjer deg klar for ein dag proppfull av god stemning og god surf!
Konkurransen opnar for 34 deltakarar, kor det er fyrstemann til mølla-prinsippet som gjeld. Det blir arrangert herre-, dame*- og juniorklasse* (14-17år).
(* må vere minimum 3 påmeldte)
Dømminga blir gjort etter World Surf League standard, med score på følgjande grunnlag;
* Commitment and degree of difficulty
* Innovative and progressive maneuvers
* Combination of major maneuvers
* Variety of maneuvers
* Speed, power and flow
XWave vil ha 4 eller 5 surferar i kvart heat. Det blir dobbel runde med kvalifisering. Hovuddommar vil lage
runde/heat-skjema når påmeldingsfristen er gått ut.
Aktuelle strendar for XWave 2023 er:
Flø
Ervik
Hoddevik
Påmeldingskontigenten er 250 kr, og dei som melder seg på vil få ein «Final Call» på SMS tre dagar i forkant – då bestemmer vi stad og tid.