
XFREE
20 - 23. April
TBA
TBA
XFree byr på heftig frikjøyring og uforglemmeleg hype!
Me er klare for nok eit år med Xfree, og me siktar mot å gjenskape fjorårets suksess!
Det blir nydeleg stemning med DJ, grilling og legenden Magnar Musum som speaker og showman.
Det er berre å gleda seg!
Klassar:
Herrar Alpint
Kvinner Alpint
Herrar Snowboard
Kvinner Snowboard
Det blir fine premiar for pallen i dei ulike klassane. I år vil me også dele ut premie til beste kostyme blant publikum. Her kan du dra fram morfars gamle skidress, kostymet du aldri fekk vist fram på halloween, eller noko som viser ditt indre eg! Det finnast ingen grenser - ver kreative!
XFree er like mykje eit show for publikum, som eit arrangement for utøvarane. Det blir frikøyring, der deltakarane konkurrerar om å køyra raskast og tøffast utfor bratte fjellheng og klipper. Alt dette skjer i dei fantastiske, men beintøffe fjelltoppane i Sunnmørsalpene. Utøvarane i frikøyringskonkurransen er dyktige på ski og snowboard, og for festivaldeltakare er dette ei actionfylt oppleving å få med seg.
Alle deltakarar må ha standard utrusting etter NFC regler: søker/mottaker, spade, søkestang og hjelm.
Praktisk informasjon:
For å komme seg til publikumsområdet anbefalar me bruk av toppturski, ski med feller eller evt truger. Skiheisen vil forhåpentligvis frakte dykk eit stykke av vegen opp, men ein må rekne med å gå i ca 30 min. Heisen vil koste 100,- for publikum. Ta med sitteunderlag og nok av varme klær.