
20-23. April
TBA
XCREEK
TBA
XCreek opnar tradisjon tru sesongen for elvepadling. Dette kan kallast for utforkonkurransen i elvepadling, der målet er å kome seg gjennom ei utfordrande løype på kortast mogleg tid. Vegen til målinja er full av fossar, bølgjer og bratte parti.
Klarer du å kome deg til mål utan velt?
Som tilskodar er dette ein fartsfylt og morosam konkurranse å sjå på - og du får den beste utsikta langs løypa. Fleire av Noregs beste elvepadlarar, nokre av dei i verdstoppen, brukar å ta turen til X2 denne helga. Ein kjem tett på utøverane og vi rår deg til å ta med fløyter, kubjeller, lufthorn eller kva enn du finn i kjellaren, for her er det lov å lage liv langs løypa!
Avhenging av vassføring vil ein måtte sjå ann kor og korleis konkurransen blir gjennomført. I området er det mange val både i Ørsta, Volda, Hornindal og Hellesylt.
Konkurransen vil bli avholdt laurdag 22. april. Deltakarar må halde seg oppdatert via greinansvarleg, fylgje med på eventsida på Facebook eller på nettsida vår med oppdatert informasjon om arrangement.
For publikum vil ein óg få vite bestemt stad via våre kanalar seinast dagen før konkurransen.