top of page

X, 21 år med ekstremsport!
X2-festivalen samlar kvart år ekstremsportutøvarar, eventyrarar og publikum i hjartet av Sunnmørsalpane. Det som starta som ein liten randoneekonkurranse opp to fjell, har utvikla seg til ein av dei mest unike ekstremsportfestivalane i landet.
Gjennom fleire dagar blir fjell, fjord og luft fylt med aktivitetar, konkurransar og opplevingar – frå skikøyring og paragliding til sykling, løping og konsertar. X2 handlar om lidenskap, natur, utfordringar og fellesskap.
Bli med på ei ny utgåve av X2 og opplev spektakulær natur, sterke prestasjonar og festivalstemning i verdsklasse.
Festivalhistorie
2005
Konseptet blir utvikla. Ein vintersport-festival med
utgangspunkt i skialpinisme/ randonee. Namnet X2 kjem frå den første konkurransen som var ein randonee konkurranse opp to fjell.
Festivalen blei arrangert for første gang med stor suksess på Nivane og Saudehornet.
Over 1000 betalende gjestar er innom festivalområdet som framleis blir haldt på Studenthuset Rokken.
Festivalen utvidar sportsprogrammet med freeride konkurransen XFree. Festivalen etablerer sammarbeid med Studenthuset Rokken.
Festivalen etablerer XFree, XCreek, XTind og XBoard som faste sportar. Kveldsarrangement blir større med artistar og DJs.
Festivalen introduserer XAir for første gang - paragliding.
Sponsorar blir viktigare!
Acro flygning og sykkel freeride konkurranse blir arrangert i tillegg til dei faste konkurransane (XFree, XCreek, XTing, XBoard)
2025
Vi feira 20 år med ei heilt vill utgåve, tilbake i Propellhallen etter 10 år!
2026
Vi er tilbake, med mange overraskingar, og gler oss til ei rå utgåve – bli med!"
bottom of page