top of page

X2 festivalen er driven på dugnad og er dermed heilt avhengig av ivrige frivillige for å få hjula til å gå rundt.

Vi treng deg!

Som frivillig får du:

 

Dagspass eller festivalpass avhengig av kor mykje du jobbar. 

Gratis mat medan du er på jobb under festivalen på kveldstid

Ei kul frivillig-T-skjorte

Unike opplevingar i vakre omgjevnadar

Mange nye vennar

snøfnugg_hvitt_svart-16.png
snøfnugg_hvitt_svart-17.png
snøfnugg_hvitt_svart-17.png
snøfnugg_hvitt_svart-17.png
snøfnugg_hvitt_svart-17.png
snøfnugg_hvitt_svart-17.png

Rollene

Crew

Som frivillig i crew får du, på lik linje med frivillige i bar, oppleve festivalen frå ein annan vinkel. Ikkje minst vil du møte mange nye og flotte menneske som er med på å skape minner for livet! Du vil kunne få mange varierte arbeidsoppgåver i løpet av ein kveld, som til dømes å bytte inn billett til festivalband ved inngangen, sjå til at festivaldeltakarane har det bra og vere tilgjengeleg, og rydde og organisere inne på festivalområdet. Du vil aldri vere aleine og opplæring vil bli gitt før vakt.

Vakt

Som vakt for X2 festivalen har du ein av dei friaste, viktigaste og mest sosiale jobbane under kveldsdrifta til festivalen. Vaktene har ansvar for den generelle tryggleiken til alle som deltek på kveldsarrangementa til X2 festivalen. Vi ser til at alle som er inne på festivalområdet har det bra, at alle oppfører seg,  og at skjenkebevillinga blir ivaretatt. For å bli vakt treng du ingen forkunnskapar, og vi tilbyr kurs i vakthald for dei som ønskjer. Vaktansvarleg er tilstades under heile festivalen for å bistå og rettleie dei frivillige. Vi ser spesielt etter deg som er glad i folk og oppteken av at dei rundt deg har det bra. Alle som skal vere vakt må vere 18 år eller eldre. Du vil kunne få mange varierte arbeidsoppgåver i løpet av ein kveld, som til dømes å bytte inn billett til festivalband ved inngangen, sjå til at festivaldeltakarane har det bra og vere tilgjengeleg, og rydde og organisere inne på festivalområdet. Du vil aldri vere aleine, og opplæring vil bli gitt før vakt.

Mediecrew

Mediecrewet si rolle under festivalen er å lage innhald fra alt som skjer på festivalen, både dag og natt. Arbeidstempoet er høgt og deadlinesa” er korte. Vi treng fotografar, videofotografar og klipparar som er løysingsorienterte og kreative! Dei som er ekstra gira kan også bidra til å lage promo-materiale før festivalen. Å ha tidlegare erfaring innan film eller foto er ein fordel. 

Opprigg/Nedrigg

Dekor

Dekor sin jobb er å sørge for at festivalområdet ser fantastisk ut! Som dekorfrivillig får ein delta på mykje fysisk arbeid, men òg ein del dekorering i detalj. Vi søkar deg som ynskjer å ta del i forminga av X2-kjensla på festivalområdet, og som ikkje er redd for å ta i eit tak! Vi arbeider i forkant av festivalen, så du bør helst vere tilgjengeleg for eit par vakter på dagtid veka før festivalen.

Bar

Det å jobbe i baren under festivalen gir deg ei unik moglegheit til å oppleve kveldsarrangementa frå ein ny vinkel. Gjengen som jobbar i bar får eit tett og godt samhald, og moglegheita til å nyte god musikk medan ein jobbar. Du treng ingen førkunnskapar for å kunne jobbe i baren, berre eit ønske om å lære og ikkje minst godt humør. Du vil få opplæring før vakta startar, og det vil vere ein baransvarleg til stades for å rettleie dei frivillige gjennom heile kvelden. Alle som jobber i baren må vere over 18 år.

XRecycle

X2recycle er festivalen sin grønne profil. Vi er ein liten gjeng som produserar merch til festivalen – som kan vere alt frå stilige gjenbruksplagg med påsydd X2 logo, til surfeponchoar laga av handkle. I tillegg arrangerar vi ulike sosiale events som loppemarknad, byttekveld og “utstyrs-fiksekveld” i tida før festivalen. Her kan du anten vere med i sygjengen, som samlast jamnleg til sykveldar, eller så treng vi menneskeglade folk som kan vere med å selge vårt kule merch under sjølve festivalen.

Vil du bli med å forme festivalområdet i tillegg til å få med deg heile festivalen? Jobb før eller etter festivalen som riggar! Riggarane er dei som set opp og tek ned festivalen og jobbar tett med gjengen i dekor. 

XWave

XWave er ein surfekonkurranse som inngår i noregscupen. Dei beste surfarane i landet kjem til XWave for å konkurrere. Dei frivillige er viktige for å få gjennomført konkurransen og har ulike oppgåver gjennom dagen. XWave har følgjande arbeidsoppgåver for dei frivillige (i samarbeid med sportsjef Eirik Vaage): Pakking av utstyr i Volda, kjøre til konkurranse strand, rigge opp telt, sekretariat, musikk, dommar podie, sette opp strandflagg, kiosk. Alt dette må vere rigga før deltakarane møter opp (så det blir ein tidleg start på dagen). Før konkurrransestart skal alle deltakarar registreres i sekretariatet.  Under sjølve konkurransen har vi følgjande oppgåver; tidtaking på surf-heat, signalisering til deltakarar i bølgene, samle inn nummervester og gi ut nummervester til neste heat, kiosk, rydding/samle søppel. Etter konkurransen skal alt riggast ned og kjøres tilbake til lageret i Volda. Dei frivillige må pårekne 10-12 timar arbeid. Normalt sett er vi tilbake i Volda omtrent kl 18. XWave gir dei frivillige ein nydelig dag på stranda!

XSkate

XSkate er ein skatekonkurranse som går føre seg innandørs i Møre skatehall. Arrangementet er ein av publikumsfavorittane på X2. Ein av oppgåvene til dei frivillige vert dermed å organisere og gjere plass til så mange som mogleg inne i skatehallen. I tillegg kjem oppgåver som opprigg og nedrigg av diverse utstyr, børste hallen for støv i forkant av konkurransen, og registrering av utøvarar. Som frivillig får du med deg heile konkurransen på nært hald og passar difor for deg som er interessert i skate! 

XClimb

XClimb vert i hovudsak gjennomført av interne frivillige frå SKK. Men her trengst likevel nokre ekstra frivillige til å legge golv i Ørstahallen dagen før konkurransen, samt til nedrigg av golvet etter konkurransen. I tillegg treng vi frivillige til kioskdrift undervegs i arrangementet. Her krevst det ingen førkunnskapar eller spesielle ferdigheiter, berre godt humør!

XSmall

XStyle

XStyle er ein bigjump-konkurranse kor triks på både snowboard og twintip er det som gjeld. Det blir raskt tempo og mange svevande triks i bakkane på Ørsta skisenter. Som frivillig vil ein få sjå heile konkurransa! XStyle treng frivillige som kan bistå grenansvarlig; vi treng startarar til å sende ut utøvarane, hoppvakt som skal stå ved hoppet og sjå til at utøvarane landar trygt, samt frivillige til å stå i basecamp.

XFree

XFree er ei frikjøringskonkurranse for gode utøvarar både på ski og snowboard. Dette er ei actionfylt oppleving både for frivillige og for publikum! Dersom forholda og vêret er med oss på konkurransedagen, vil konkurransen verte avvikle ved Trollbotn (Ørsta skisenter – Bondalseidet). Dei frivillige vil ha ulike oppgåver både i forkant av, men også under konkurransen. Xfree treng ein del frivillige, både til registrering/påmelding, startarar, stavplukkarar, til opprigg/nedrigg av basecamp og frivillige til å stå i basecamp og skape god stemning.

XSpeed

XSpeed Presisjonslanding er ei konkurranse kor ein skal lande på eit angitt punkt på bakken med ein liten paraglider, også kalla speedglider. Som frivillig kan du vere med å arrangere konkurransen som dommar, speaker, takeoff-ansvarleg eller utstyr/logistikkansvarlig. Dei frivillige treng ingen forkunnskapar verken om luftsport eller noko anna - du vil få full opplæring. Du får også vere med å sjå nokon av Noreg sine råaste pilotar suse inn for landing i 120 km/t. Her søkjer vi deg som anten er sikkerhetsorientert, utadvendt eller ryddig. Kanskje har du alle desse eigenskapane? I så fall treng vi DEG!

XSmall er eit populært arrangement for dei yngste i bygda. Her har ein som oppgåve å planlegge og gjennomføre ulike aktivitetar for barna - det kan vere alt frå hinderløyper og sparkesykkelrace, til svampekasting og ansiktsmaling. Her søkjer vi deg som er positiv og glad i barn, og som ynskjer å gi dei yngste ei artig oppleving!

bottom of page