Dancing the conga
Fun ◼︎◼︎◼︎◼︎◻︎
TORSDAG / 22.30 / KLUBBSCENA (B)
Dancing the conga er ei (overraskande) søt, vittig og til tider til og med original trio frå Oslo, som balanserer det leikne og det kaotiske på ein heilt eigen måte. Musikken deira gir ei rekkje assosiasjonar, samstundes som ho kjennest ny og uoppdaga – som om du aldri heilt har høyrt noko liknande før. Dei er konstant på jakt etter dei dirrande vibrasjonane i sterke kjensler, og møter lyttaren med sarte låtar som ber på ein tyngre energi enn ein først skulle tru.
Denne energien blir for alvor sleppt laus på scena, der dei forvandlar konsertane sine til ei eksplosiv og engasjerande oppleving. Med eit effektivt, poppa alternativt rockeuttrykk tek dei deg med på ei reise gjennom sitt eige musikalske univers, der du som publikum blir ein del av rørsla, stemninga og intensiteten. Dancing the conga skapar eit rom der det mjuke møter det kraftfulle, og der det uforutsigbare er ein del av sjarmen – ein konsertoppleving som både overraskar og sit att i kroppen lenge etterpå.

