top of page

Svensk disko-funkpop 5-mannsband. Säg inget mer.
Det er ikkje tid for dårleg humør eller latskap når Viktor Westerberg og Carl Leanderson feirar livet med sin ultra-vitale funkpop. Dei spelar så hardt at sjølv dei mest motvillige må ut på dansegolvet.
Debutalbumet Existential Disco, som kom 22. november 2024, byr på glitrande diskoteklåtar i ånda frå slutten av 70-talet, krydra med sval, skandinavisk melankoli. Med opne hjarta – utan å øydeleggje stemninga – syng Viktor & Carl om å bli eldre, miste vener til sjølvopptatte utskeiingar og mangle energi til å bry seg om verdas undergang.
Etter å ha turnert Europa med australske Donny Bénet våren 2024, legg duoen ut på sin eigen Existential Disco Tour i 2025, saman med sitt femmannsband.


bottom of page