top of page

Rabattert festivalpass for DNT-medlemmar

Updated: Mar 19

FOTO: DNT
FOTO: DNT
X2 si samarbeidsavtale med DNT gir fleire familievenlege arrangement og fordelar under årets festival.

– Dette samarbeidet er fantastisk for festivalen, seier festivalsjef Mathias Vasbotn Remmereit.


Avtalen festivalsjefen snakkar om, inneber tre arrangement i regi av DNT under festivalen, i tillegg til eit føredrag ved Synnøve Solemdal, dagleg leiar i DNT Sunnmøre, og rabatterte festivalpass for DNT-medlemmar.

DNTs egen maskot: Turbo! FOTO: DNT
DNTs egen maskot: Turbo! FOTO: DNT

DNTs X2-arrangementer


DNT etablerer kontor i Ørsta, og bidreg til X2-festivalen med både turar og kurs. Trykk på lenkene for å lese meir om arrangementa på DNT sine sider.


– Vi synest de lagar ein sprek festival, og vi vil vere med, seier Lasse Hoel i DNT Sunnmøre.



Føredrag med Synnøve Solemdal

Synnøve er dagleg leiar i DNT Sunnmøre, og generelt glad i fjellet som leikplass. Ho fortel om korleis DNT Sunnmøre ved hjelp av frivillige legg til rette for friluftsliv i regionen, og om moglegheitene som finst på Sunnmøre som mange ikkje kjenner til.

 
 
 

Comments


bottom of page