– Dette er Noregs råaste dugnadsprosjekt
- Maria Soave Vold Ulset

- 4 days ago
- 2 min read
Updated: 3 days ago

Med utseld laurdag og toppsal i sikte, befestar X2 Festivalen posisjonen som Søre Sunnmøres store stoltheit.
Festivalsjef Mathias Vasbotn Remmereit fortel at årets utgåve av X2 Festivalen har vore ein formidabel suksess med eit yrande folkeliv frå onsdag til laurdag. Han viser til at laurdagen blei utseld med 1500 menneske samla på festivalområdet.
Totalt blei det selt 1400 billettar, og festivalsjefen reknar med at salet i år vil hamne på ei «topp tre»-liste i festivalen si historie, sjølv om rekordåret 2024 framleis står støtt.

Remmereit seier han føler dei har lukkast med å omfamne breitt og skape ein arena for folk i alle aldrar, samstundes som den unike X2-identiteten er bevart.
Styreleiar Veronica Pilskog deler dette inntrykket og seier at årets festival gjekk over all forventning. Ho trekkjer fram fredagen som eit personleg høgdepunkt, då dei klarte å samle rekordmange lokale ansikt i ulike aldersgrupper som ein ikkje har sett på festivalen tidlegare.
Nestleiar i styret, Kristina Juul Jørgensen, let seg også begeistre over den gode stemninga blant publikum. Ho skildrar ein festival prega av høflege folk og ei heilt spesiell atmosfære.

– Allsangen til Kakkmaddafakka og at alle var så blide er noko eg tek med meg, seier ho.

Ein hyllest til dei frivillige
Festivalens styre er tydelege på at festivalen ikkje hadde vore mogleg utan den enorme innsatsen bak kulissane. Remmereit seier han er spesielt imponert og stolt over frivilligheita og alle som bidreg til det han kallar Noregs råaste dugnadsprosjekt.
Han legg til at han er takknemleg for alle som legg ned utallige timar for fellesskapet.
Nestleiar Jørgensen skryter også av dei over 400 frivillige som har vore i sving, og omtalar dei som «ekstremt proffe».
For Lea Viktoria Westli, som har vore PR-ansvarleg, har veka vore intens, men svært givande. Ho synest det er inspirerande at så mange flinke folk brukar tida si på denne festivaldugnaden.

– Til trass for at det har vore mykje jobb, er det givande å vere ein del av eit fellesskap og få til noko saman, seier Westli.
Dette er nokre av dei frivillige
Utan dei over 400 frivillige hadde ikkje X2 vore mogleg å gjennomføre. Under ser du bilete av nokre av dei som har stått på dag og natt for at publikum skal få ei trygg og unik oppleving i Volda.











Comments