Opnar døra for ny satsing
- Maria Soave Vold Ulset

- 1 day ago
- 2 min read

Rap-duoen blir den første konserten i Propellhallen utanfor X2 Festivalen. Festivalsjefen meiner det markerer starten på noko nytt.
– Vi ønskjer å skape store opplevingar i Volda, seier festivalsjef Mathias Vasbotn Remmereit.
Den 17. oktober spelar Side Brok i Propellhallen.
Remmereit meiner Side Brok er den rette artisten til å opne dørene til det han håpar skal bli ei ny satsing på store arrangement i Volda.
– Side Brok er sunnmørsk kultur på sitt aller feitaste, og rapgruppa skal leggje lista for gode opplevingar i Propellhallen, seier han.
Propellhallen skal ifølgje Remmereit gi publikum ei konsertoppleving med større rammer enn det eit vanleg konsertlokale kan tilby.
– Propellhallen byr på impulsar, opplevingar og ei kjensle av noko større enn oss sjølve. Vi skal sørgje for ein konsert og ei oppleving vi skal referere til lang tid framover, seier Remmereit.
Vil ha fleire store arrangement
Arrangørane håpar Propellhallen kan bli brukt til fleire store kulturarrangement i framtida.
– Slik ting ser ut no, så er det X2-familien med Veronica, Peter og fleire som sit på nøkkelen til å gjere noko som vil setje Volda på konsertkartet for alvor, seier han.

Veronica Pilskog og Peter Hasfjord går i bresjen for å etablere arenaen som ein stad for fleire samlande arrangement som skal treffe breitt.
– Forhåpentlegvis skal Propellhallen huse det beste vi kan tenkje oss i tida framover, seier Remmereit.
Eit etablert namn på scena
Side Brok har dei siste åra halde fram med både nye utgivingar og konsertar rundt om i landet. I fjor kom albumet All verda, medan singelen «Esso» har fått ein sentral plass i det nyare materialet.
Gruppa har mellom anna spelt utselde konsertar i Oslo, Bergen og Ålesund. I sommar har dei vore innom festivalar som Bergenfest, Bygdalarm og Jugendfest.
Konserten i Volda blir starten på ein ny turné for gruppa. Etter Propellhallen går turen vidare til Trondheim, Oslo og Bergen.
Billettane blir lagde ut for sal torsdag.




Comments