Her må jentene ta plass på eiga hand
- Maria Soave Vold Ulset

- 1 day ago
- 2 min read

Skriven av Marie Hoff
No håpar arrangørane at fleire jenter tør å ta plass i eit miljø som lenge har vore dominert av gutar.
Volda skatepark blei torsdag ettermiddag fylt opp då "Grlshred" arrangerte skating i samarbeid med XSkate under X2 Festivalen. Målet var å senke terskelen for jenter som vil prøve seg på rullebrett, og skape ein inkluderande møteplass i miljøet.

Allereie tidleg i arrangementet blei stemninga sett med ei enkel utfordring:
— Første jenta som gjer ein ollie vinn eitt brett og griptape, sa arrangørane.
Ei jente sprett opp med brettet sitt og hoppar i lufta med brettet under. Det blir jubling etter at ho landa trikset. Så er arrangementet i gang.
Viktig å gi plass til jentene
Frå ein idé i ei lita leilegheit på Grünerløkka, til eit veksande fellesskap, har Grlshred blitt ein inspirerande plattform for jenter til å tørre å prøve brettsport, anten på skateboard, snowboard eller surfebrett. No har dei teke turen til X2 for å møte skaterane her i Volda.
— Det er mange jenter som har teke turen i dag og vil prøve. Sjølv om skatemiljøet her er lite, opplever vi det som inkluderande, fortel AJ, ein av arrangørane frå Grlshred.

Saman med Debbie og Ingvill, er ho i Volda for å representere initiativet. Alle tre meiner det er på tide at jenter tek meir plass på skatebana.
— Skating er veldig mannsdominert. Så vi tenkjer at det er viktig å opne ei dør for alle damene som vil skate òg. Gi dei ein plass til å prøve og feile, fortel Debbie.
Lokal deltaking
Henriette Buset Foss er ei av jentene som dukka opp på arrangementet. Ho synest det er kult at slike ting som jenteskate blir arrangert i området. Etter å ha blitt ferdig med studia, valde Foss å bli verande i Volda. Mykje av det er på grunn av kor inkluderande og ope miljøet er.

Mari Brønseth, som er sportsansvarleg i XSkate, peiker på at miljøet rundt skateparken har stor betydning også for hennar del.
— Eg blei verande på grunn av skatemiljøet. Det er limet for mykje av det sosiale her, seier ho.
Med godt oppmøte håpar jentene frå "Grlshred" å bli inviterte tilbake av X2 til neste år.




Comments