
Heile Noregs tjommi Ka2 vart til våren 2018, då bergensduoen Sondre Alvestad og Didrik Thulin ville lage musikk for venene sine. Sidan då har venegjengen vakse, og med hyppige låtslepp har Ka2 gjort seg bemerka i heile landet.
Ka2 er eit konsept som må opplevast. Med ekstravagante, fargerike show og ei unik blanding av svevande pop og hard elektronisk musikk har dei treft ein musikalsk nerve, både i Noreg og internasjonalt.
Trass i ein relativt kort karriere har duoen bygd ein solid fanbase og passert 50 millionar strøymingar på Spotify. Dei har samarbeidd med artistar som Gabrielle, Kjartan Lauritzen, Benjamin Ingrosso og Felix Sandman, og spelt på dei største festivalane i landet.
Debutalbumet Evig Eventyr (2022) tok dei på turné med utselde klubbscener, og dei gjentok suksessen hausten 2024 med Pust inn, pust ut-turneen. No jobbar dei med sitt neste prosjekt, venta i løpet av 2025.
Ka2 er komen for å bli – eventyret held fram!

