Aktivitetar

Longboard Session
TBA
TBA
TBA
XBoard, som er downhill longboardkonkuransen vår har god og lang tradisjon for å blokkere trafikken i Volda sentrum ein vårdag i året. Løypa er godt innkøyrd og går gjennom Volda sentrums bratte gater.
Som tilskodar på XBoard får ein stå tett inntil vegen å observere utøverane. Med ein enorm fart set dei utfor bakkane. Konkurransen baserast på “Race to Qualify” for å dele opp i ulike heats. Det blir kun éi klasse i sjølve konkurransen, og det er påkrevd med hjelm, hanskar og skinndress.
Det ligg an til at i år vil bli siste gong me kjem til å avholde Xboard, så dette er siste moglegheit til å sikre seg ein XBoard Statuett i samlinga di!

Telemark
Session
21. April
TBA
TBA
Vi ser ein stadig veksande interresse for telemark, og arrangerar difor Telemark Session for fyrste gong! Fredag 21. april inviterar vi til eit jordnært renn i Ørsta Skisenter. Telemark Session er for deg som ynskjer å kome sammen med andre for å dele gleden over denne sporten.
Dette er ein lågterskel aktivitet der du kan bli kjent med fleire som har interesse for telemark, dele erfaringer og gi grunnlag for å skape eit miljø rundt Telemark. Enten du er ny, eller har stått lenge, bli med på tur og sett nokon fine telemark-svingar!

Yoga
Session
TBA
TBA
TBA
Dersom du ynskjer ro, fokus og konsentrasjon i ein travel kvardag, eller før ein viktig konkurranse, er dette noko for deg. Aktiviteten som fokuserer på det å sameine kropp og sinn er noko kvar og ein kan meistre og nyte godt av. Du vil raskt kjenne at kroppen blir
smidigare og sterkare, og sinnet roligare.
Både nybyrjarar og meir erfarne er hjarteleg velkomne til å delta, enten du vil jobbe med å få ein smidigare kropp, eller ta ein pust i bakken.
Det blir arrangert gratis yoga for alle festivaldeltakarar, kvar dag under festivalen!

XSmall
TBA
TBA
TBA
Aktivitetar for dei minste!
Det er ikkje berre dei eldre som skal ha det moro under X2 Festivalen! Det skal jammen meg dei yngste også!

AirBoogie
21.-23. April
Hovden flyplass
Vil du fly med 360 graders utsikt over dei majestetiske tindane i Sunnmørsalpane? Bli med og kjenn på fridomskjensla og få ei oppleving for livet!