top of page
X (13).jpg
LØRDAG
12:30
HORNINDAL

Velkommen til Xcreek 2024. Årets konkurranse vil bli arrangert i den klassiske Bygdelva på Hellsylt, med forbehold om at vassføringa er mellom 3 – 8 kubikk. Andre alternativ vil bli annonsert om det vert aktuelt. Det er eit relativt tynt snødekke i lavlandet, noko som vil kunne gje meir stabil og fin føring til konkurransen.

 

Nytt av året er at det vert meir organisert sikkerheit rundt elva og konkurransen. Det vert også stilt høgare krav til deltakerar enn tidlegare år, så har du plana om å delta er det berre å komme seg ut i nærmaste bekk og få lagt inn timane. Så blir det her tidenes konkurranse. Vi ser fram til å sjå deg der!


Konkurransen er rett ved vegen. Vil du komme og sjå på, finn fram kubjellene og ta turen. I fjor var det mange raske tider og ikkje mangel på beating. Xcreek er konkurransen du ikkje vil gå glipp av!

Føring 2 – 6 kubikk

  • For å delta i konkurransen må du vere ein sjølvstendig padler. 

  • Du skal kunne padle grad 3 med overskudd og kunne rulle i alle situasjoner. 

 

Føring 6 – 8 kubikk

  • Du skal kunne padle grad 5 med overskudd.

  • Det vert ein ekstra sikkerheitsbriefing av deltakerar som er aktuelle for konkurransen.

OPPDATERING 12. APRIL:

Safety brief: 12.00
Race start: 12.30
Race course: Take-out Horndøla (som merka på kartet)
Det er bra føring i elva i dag, det vil bli stilt krav til påmelde deltakera om å ta ei vurdering av eigne ferdigheiter. Alle som deltar bør vere stabile grad 4 padlera. Meir info på safety brief.


Parkering:
Grunna begrensa plass må vi splitte opp parkering for publikum og deltakera/crew.
Parkering publikum er merka gul
Parkering deltaker/crew er merka grønn
Racing strekket er merka rødt

bottom of page