top of page

NRK P3 kjem til Volda: - Me har lenge ønska å ta turen

Updated: Apr 17, 2023


NRK P3 Urørt har lenge hatt X2 Festivalen i tankane. No skjer endelig samarbeidet. FOTO: Jon Nguyen

X2 Festivalen tek i år eit breiare steg inn i det pulserande musikknorge, då dei får med seg NRK P3 Urørt. Urørt tek nemleg med seg to unge, lovande, spennande artistar til festivalen.


– Me har lenge ønskja å ta turen til X2 Festivalen og Volda, og endeleg skjer det. Eg er så glad me fekk det til.


Det seier ein engasjert programleiar for NRK P3 Urørt, Nina Gjertsen, over telefonen.


Sidan 2000 har P3 Urørt levert fersk norsk musikk – både på radio og på p3.no. Dei er plattforma for uetablerte norske artistar og band, og mange av dagens stjerner starta nettopp si reise hjå Urørt.



Kompetansedyktige

Redaksjonen i Urørt er liten, men kompetansedyktige. Den består av programleiar Nina Gjertsen, prosjektleiar Jon V. Nguyen og fram til april, Volda-praktikanten, Kaja Stoltenberg.


Desse lyttar dagleg på ny, norsk musikk, og har vekentlege lyttemøte kor nokon av dei mest spennande låtane vert anbefalt. Nokon av desse vert også sett på ei speleliste som vert spelt på radio.


Nina har vore i P3 Urørt sidan 2018, og kan fortelje om ein spennande og givande arbeidsplass.


– Dagane er veldig ulike, men som regel går det i å lytte på mykje musikk som blir sendt til oss. Rundt 100 låtar per veke, fortel ho.



(Nina Gjertsen har vore ein del av NRK P3 Urørt sidan 2018, og gler seg til å kome til Volda. FOTO: Helene Mariussen

Todagars show

NRK P3 Urørt skal altså ta turen til Sunnmøre, Volda og X2 Festivalen i april 2023! Dette vert ein miks av musikkglede, fart og spenning, og ikkje minst stort fokus på nye, norske artistar og band.


Dette skjer altså:


På torsdag, 20. april, skal NRK P3 Urørt halde både konsert- og klubbkveld. Her skal blant anna X2-kjenningen, WhammyBoy, opptre. Det skal også to unge, lovande artistar, som Urørt tek med seg. Kven dei er er ikkje annonsert, men ryktet seier at ein lyt følgje med på X2 Festivalen sine kanalar i næraste framtid.


På fredag, 21. april, vert det ein radiosending ute blant glade festivalsjeler. Det ryktes reportasjar frå sportar som blant anna XFree, forskjellige stunt med ulike artistar, og live-sending frå XSkate.



NRK P3 Urørt skal halde Volda med selskap i heile to dagar. Konsertar på torsdagen og ein direktesendt radio-sending, ute, på fredagen. Bilde frå Urørt-livesending under festivalen VillVillVest i Bergen. FOTO: Jon Nguyen

Springbrett

Som nemnt over kan usignerte, norske musikarar eksponere musikken sin gratis via p3.no, og eit utval av desse vert óg spelt på P3-radio.


– Urørt er ein stad kor kven som helst kan sende inn sin musikk. Vårt oppdrag er å vise fram heilt ny musikk, og vere eit springbrett for nye unge artistar, fortel Nina.


Når ein ser på lista over dei siste Urørtfinalane, dukker det opp fleire namn som i dag ruger i toppen av musikknoreg. Dette er namn som Cezinando, Kristian Kristensen, girl in red, Jon Olav, Lars Vaular, Phil T. Rich (Arif) og mange fleire.


Nokre av namna på lista har også tatt turen til Volda og X2 Festivalen etter sin epoke i Urørt. I år kjem blant anna WhammyBoy, som var finalist i Urørtfinalen 2021!



234 views0 comments

Comments


bottom of page