top of page

Ein TV-favoritt til X2-scena


GLER SEG: Eit spesielt forhold til Volda gjer at Oddgeir Bruaset ser fram til å besøkje X2 Festivalen, seier han til X2. Her er han tidligere avbilda framfor Storfjorden. FOTO: Privat
GLER SEG: Eit spesielt forhold til Volda gjer at Oddgeir Bruaset ser fram til å besøkje X2 Festivalen, seier han til X2. Her er han tidligere avbilda framfor Storfjorden. FOTO: Privat

Den folkekjære forteljaren kjem til Volda saman med fleire profilerte foredragshaldarar.


– Sjølv om eg som regel snakkar for eit eldre publikum, er det alltid nokre unge som sit på første rad med store auge og open munn, fortel Oddgeir Bruaset.


Bruaset er mannen bak den folkekjære serien «Der ingen skulle tru at nokon

kunne bu». Han seier han gler seg til å fortelje om serien i Volda, sidan han har eit nært forhold til studentbygda.


– Ikkje berre har eg studert og jobba i Volda, eg fann også mi første kjærast og kona mi der, seier han.



Nostalgiske voldingar

Kjell Rune er henrykt over TV-kjendisens kommande besøk i Volda. FOTO: Maria Ulset
Kjell Rune er henrykt over TV-kjendisens kommande besøk i Volda. FOTO: Maria Ulset

Kjell Rune Klubbenes er oppvaksen på ein gard ved Hjørundfjorden, og fortel at han

set stor pris på programmet.


– Eg blir nostalgisk av programmet og kunne godt tenkje meg å dra på foredraget.

Det er likevel viktig å hugse at det ligg mykje hardt arbeid bak det å bu slik, slår han

fast.


Også Siv Osdal skildrar barndomsheimen sin som nettopp «der ingen skulle tru at nokon

kunne bu». Ho voks opp på ein gard heilt inst i Austefjorden.


– Bruaset er ein fargerik og dyktig person som viser mangfaldet i landet vårt, seier

ho.



Dette er foredragshaldarane

Bruaset er ikkje åleine om å setje sitt preg på X2 sitt foredragsprogram. Den 16. og

17. april blir festivalen fylt av sterke historier som spenner frå historiske polarferder til

personlege refleksjonar om verdien av friluftsliv.



Torsdag 16. april

Emma «Mini» Gyllenhammar og Kathinka «Muttern» Gyllenhammar

Emma Gylenhammar. FOTO: Privat
Emma Gylenhammar. FOTO: Privat

Denne vinteren skreiv Emma «Mini» Gyllenhammar og mora Kathinka «Muttern»

Gyllenhammar seg inn i polarhistoria. Som verdas første mor-dotter-duo nådde dei

Sørpolen via ei unik rute, før dei kitet tilbake same vegen.


Foredraget handlar om meir enn ein ekspedisjon. Det er òg ei forteljing om familieband, risiko og kva som skjer når to generasjonar set seg eit mål som krev alt.


Live Skattum og Marta Flotve
Jentene som skal krysse Grønland. FOTO: privat
Jentene som skal krysse Grønland. FOTO: privat

Friluftslivsstudentane ved Høgskulen i Volda planlegg våren 2026 ei kryssing av

Grønlands innlandsis. Dei jaktar ikkje rekordar, men erfaring og respekt for naturen

sine premissar.


Publikum får innblikk i førebuingar, frykt, motivasjon og draumen om ei framtid som

polarguidar.


Rune Meyer Amundsen

Etter meir enn 40 år som redningspilot gjekk Rune Meyer Amundsen nyleg av med

pensjon. Han har delteke i dramatiske aksjonar mellom liv og død og vore vitne til ei

stor utvikling i redningstenesta.


På X2 deler han sterke historier frå verkelege oppdrag og avgjerder tekne på sekund.




Fredag 17. april

Vegard Breie

Vegard Breie har hatt ein internasjonal karriere innan ski- og actionfoto, med oppdrag

frå Los Angeles til Kabul. I dag kombinerer han familieliv i Ål med eit sterkt

engasjement i fjellet.


Han fortel om livet bak kamera i bratt terreng og eventyret som finst rett utanfor døra.


Oddgeir Bruaset
Far og dotter Einang. FOTO: Privat
Far og dotter Einang. FOTO: Privat

Gjennom over 40 år har Oddgeir Bruaset formidla sterke historier frå heile landet,

mellom anna i serien «Der ingen skulle tru at nokon kunne bu».


Bruaset vil dele rørande og spennande historier om korleis det har gått med nokre av dei

han har laga program om.


Ola Einang og Karoline Hasle Einang

I ein samtale om friluftsliv reflekterer Ola Einang og dottera Karoline over kva som

skjer når prestasjonspress og utstyrsjag blir sett til side.


Erlend Aunevik

Tindevegleiar og lærar Erlend Aunevik har lenge hatt ein draum om Patagonia. På

X2 fortel han om reisa og kva som driv menneske mot store fjell og fjerne landskap.

 
 
 

Comments


bottom of page