top of page

Frå verda til Volda: Møt dei som vel å bli


Fra foredragssalen under fjorårets utgåve av X2 Festivalen. FOTO: Tare Reklev Øverbø
Fra foredragssalen under fjorårets utgåve av X2 Festivalen. FOTO: Tare Reklev Øverbø

X2 Festivalen og Sparebanken Møre inviterer til Heimeblind: ein gratis møteplass for alle som vil vere med og forme si eiga eller andre si framtid på Søre Sunnmøre.


– Vi som bur her er litt heimeblinde, men har eit fantastisk næringsliv, seier banksjef Hege Karete Hamre.


Søre Sunnmøre er eit av dei mest moglegheitsrike hjørna av landet. Når ein bur midt i det, kan man bli heimeblind. Det er lett å gløyme at tett mellom fjordar, fjell og framtidsretta fagmiljø ligg arbeidsgivarar som treng folk, og unge som treng ei grunn til å bli.



Tid og stad

Propellhallen opnar dørene for Heimeblind klokka 15.30 torsdag 16. april. Det blir mingling og servering frå Mjøl & Meir og Muren Kaffebrenneri fram til programstart klokka 16.00, og arrangementet er ferdig klokka 17.00. Alle som deltek får stempel som gir tilgang til foredraga seinare på dagen.



På scena


Velkomen v/Sparebanken Møre

Victoria Cecilia Sørensen og Lina Åkerblom. FOTO: Privat
Victoria Cecilia Sørensen og Lina Åkerblom. FOTO: Privat

Victoria Cecilia Sørensen og Lina Åkerblom

Korleis er det å etablere seg og utvikle eigne initiativ i ein mindre region? Sørensen er helsesjukepleiar i Volda kommune og flytta til Volda for tre år sidan. Åkerblom er opphavleg frå Sverige, har budd i Noreg i rundt ni år og dei siste seks åra i Volda, og studerer sosionom. Begge nyttar naturen aktivt, mellom anna til surf, fjellaktivitet og friluftsliv.


Saman arbeider dei med å utvikle eit konsept for ein open møteplass i Volda sentrum, og deler erfaringar frå dette arbeidet


Halvor Salthammer
Halvor Salthammer. FOTO: Privat
Halvor Salthammer. FOTO: Privat

Korleis er det å kombiner

e ein fagleg karriere med eit aktivt liv utanfor arbeid? Salthammer er kirurg ved Volda sjukehus og flytta til regionen for å arbeide der. Han har også vore med på å etablere privatklinikken Spesialisthuset. Ved sidan av arbeid er han aktiv innan friluftsliv, mellom anna toppturar, klatring, ski og luftsport.


Han deler erfaringar med å utvikle fagleg verksemd i distriktet og reflekterer rundt balansen mellom arbeid, fritid og familieliv.



Marius Beck Dahle. FOTO: Privat
Marius Beck Dahle. FOTO: Privat
Marius Beck Dahle

Korleis er det å arbeide nasjonalt med base i Volda? Beck Dahle er fotograf frå Volda, med oppdrag i ulike delar av verda. Gjennom arbeidet sitt har han dokumentert natur og menneske, og nyttar også aktivt landskapet rundt seg.


Han deler erfaringar frå arbeidet sitt og om å arbeide internasjonalt med base i Volda.



Kven er dette for?

  • arbeidsgivarar som vil tiltrekke og behalde talent

  • studentar og unge i etableringsfasen

  • alle som vurderer å bli verande på Søre Sunnmøre


For når vi løftar blikket saman, ser vi kva Søre Sunnmøre faktisk er. Kva moglegheiter vel du å sjå?

 
 
 

Comments


bottom of page