top of page

X2 FESTIVALEN ER TILBAK

x2-sirkler-svart.png
x2-sirkler-svart.png

Konsertar, sportar, foredrag og aktivitetar. Vi lagar ei fantastisk utgåve, full av energien de gav oss i fjor i Propellhallen. Vi sest 15. til 18. april 2027.

I mellomtida, bli med oss på ein spesiell konsert 17. oktober

BRED Side Brok.png

I oktober er det endeleg tid for å lage liv i Propellhallen igjen, då Side Brok skal halde konsert!

 

Det er 26 år sidan Side Brok vart danna. No feirar dei eittårsjubileet til albumet «All verda» med å leggje ut på ein aldri så liten turné!

 

Sidan i fjor har singelen Esso rokke å bli ein moderne klassikar i Side Brok-universet, og bandet

har mellom anna spelt utselde konsertar i Oslo, Bergen og Ålesund.

 

Rett etter at dei sleppte singelen «Kjærleik er kjærleik» i juni, stod dei på scena framfor eit mildt sagt ekstatisk publikum på Bergenfest. Bygdalarm og Balestrand Badeklubb var naturlege stopp på vegen, før festivalsommaren fekk eit verdig punktum på sjølvaste Jugendfest!

 

No er bandet klare for ein ny runde, og rabalderet startar i Propellhallen i Volda 17. oktober! 

 

Billettar sleppast torsdag 26. august kl. 12:00 - her er det berre å sikre seg ein plass, for dette vil du ikkje gå glipp av!

bottom of page