top of page
Tobiassten_post.jpg
FREDAG
20:50
TBA

Det nye countrystjerneskuddet - Tobias Sten frå Stord har pusta countrymusikk sidan han var liten og starta sitt eige countryband allereie som 12-åring – og har opptredd sidan. Tobias lener seg mot singer-songwriter-sida av countrymusikken og hentar inspirasjon frå Zach Bryan, Jason Isbell og Watchhouse.

Med sine personlege tekstar om oppvekst på bygda og sterke formidlingsevne er Tobias eit friskt pust i norsk musikk som gjev den nye generasjonen ei stemme på stordamål i countrymusikken.

Han har allereie markert seg som ein artist å følgje, og mange ser fram til kva han vil bringe til countrymusikkens verd i åra som kjem.

tobiassten.png
bottom of page