top of page
Sjøbadet pressebilde X2.JPG
Sjøbadet.png

20. April

kl: 21:15

X1 Lillescene

Etter å ha laga badstove framfor fullstappa lokale i Trondheim, Bergen og Oslo, er Sjøbadet nå klare for å innta Sunnmørsalpene og Volda. Sjøbadet består av fire gode svømmarar fra Nordnes i Bergen. Musikken deira blandar indiepop og hiphop, og tekstane handlar om livet som unge, mjuke karar i 20-åra. 

 

Sjøbadets fyrste singel "Taxi" ble valgt ut som ein av P3 Urørts 13 beste låtar i andre halvdel av 2021, og bandet har dei to siste åra blitt omtalt som ein artist Urørt såg fram til å høyre meir frå. Det nærmer seg sommer og symjesesong, så gjer deg klar til å bade i god musikk!

bottom of page