Har ikkje skjedd på tre år
- Maria Soave Vold Ulset

- Apr 15
- 2 min read

Skrive av Marie Hoff og Maria Ulset
Etter fleire år med utfordringar knytt til vêret, kan arrangørane endeleg glede seg over ein komplett festival med både sol og snø.
Onsdag startar festivalen med ein opningsdag for heile familien ved uteområdet til Propellhallen. Dette vert startskotet for ei helg der ekstremsporten for alvor tek over regien, med eit program som for første gong på tre år er heilt komplett.
Endeleg frikjøring

Snømangel har tidlegare stoppa frikjøringskonkurransen XFree, men i år er forholda i fjellet optimale.
Henrik Høidal, sportsansvarleg for XFree, er svært nøgd med at dei no er i gang igjen:
– Det betyr veldig mykje at vi får det til for første gong på tre år!
Det er ikkje berre snøen som spelar på lag; vêrmeldingane for langhelga tyder på strålande sol i fjellet.
– Eg har skikkeleg tru på at det blir gloheitt og baristatemperatur i Trollbotn, seier Høidal.
Publikumsfavoritt i sentrum

For dei som føretrekkjer å vere i sentrum, vender dødsestup-konkurransen XSplash tilbake til Voldabadet. Ansvarleg for konkurransen, Rishi Sæther, fortel om stor interesse frå lokalbefolkninga.
– I fjor dukka det opp svært mange. Sidan dette er eit tilbod der folk blir underhaldne innandørs, er det låg terskel for å ta turen og sjå på, fortel Sæther.
Han legg til at arrangementet er heilt avhengig av det lokale anlegget og det gode samarbeidet:
– Vi set veldig pris på samarbeidet med Voldabadet. Det er eit svært positivt samarbeid med folk som er løysingsorienterte og gira på å skape noko kult.
Lokale talent i fjellsida

Også i høgdene rundt Volda vert det action når syklistane inntar dei lokale stiane under XBike. Mats Hustad, ansvarleg for greina, merkar at rekrutteringa i nærområdet er god.
– Det er ein del unge frå Ørsta og Volda som alltid ønskjer å vere med, seier han.
Hustad oppmodar no publikum til å ta turen ut i løypa på laurdag for å heie fram deltakarane. Her vert det lova fart og spenning når utøvarane syklar nedover fjellsida.




Comments