top of page

20-23. April

TBA

HALLEN

Marthe_Brende.png

Marthe Brendefur er til dagleg ein IT-nerd frå Sunnmøre, og har alltid hatt ein kjærleik for vill natur. I november 2022 starta ho på reisa med å nå Sørpolen, ein ekspedisjon på 1000 kilometer over isen i storm, snøfokk og temperaturar ned i 40 minusgrader. Under 200 i verden har gått til Sørpolen utan hjelp utanfrå, og nå er Marthe ein av dei.

 

Ekspedisjonen vart gjennomført i regi av Antarctic Heritage Trust. Organisasjonen frå New Zealand har som mål at dei neste generasjonane skal ta vare på Antarktis og historia der. Dei meiner at den beste måten å gjere dette på er ved å la unge få oppleva verdsdelen sjølv, og tar kvart år eit utval unge menneske med på tur. I 2022 vart det Sørpolen, i anledning 150 år sida Roald Amundsen vart født.

bottom of page