top of page
TORSDAG
19:00
KLUBBSCENE

Etter eit over 50 år aktivt liv har Gry Hansen gjennom turning, klatring, yoga og surfing observert korleis det er å strekkje seg til ytterpunkta. Strekkje seg etter betre prestasjonar, neste grep, neste bølgje eller større fridom i kroppen. Ho vil dele av sine erfaringar og gje deg forslag til korleis du kan halde kroppen i god stand gjennom livet.

Gry er inspirert av ei dynamisk tilnærming til bevegelse, sunn aldring og livslang læring.

Målet hennar er først og fremst å lære deg korleis du kan forbetre eigen livskvalitet. Ho kombinerer si erfaring frå idrett med arbeidet som yogalærer, og ynskjer å vise deg korleis du kan få ein fri og smertefri kropp som speler på lag.

Dette er eit interaktivt foredrag, kor du som deltakar får vere med på enkle rørsler og øvingar. Få på deg nokre behagelege klede og førebudeg på å kjenne deg sterk og smertefri i eigen kropp!

bottom of page