top of page

20-23. April

TBA

HALLEN

new-Instagram-logo-png-full-colour-glyph-1536x1536.png
Eirik_Hansen.png

Under ein kajakkekspedisjon i Tyrkia finn plutseleg Eirik Hansen seg fanga, aleine og fastlåst inne i eit elvejuv. Han blir heldt under vatn så lenge at han ikkje visste kva han skulle gjere. Kva skjer med kroppen, og kva tankar går gjennom hovudet når ein ikkje får puste? Med frykt for å døy, i desperat overlevingsmodus.

Eirik vart redda av sitt dyktige reisefølgje, og kan difor fortelje denne historia, der han ynskjer å invitere deg med på turen. Både på elva i Tyrkia, og kva i alle dagar som føregjekk oppe i hovudet da han bestemte seg for å prøve frisoloering for fyrste gong. Du får også sjå ein kortfilm frå ekspedisjonen i Tyrkia.

 

Eirik Hansen er ein begeistra elvepadlar, basera i Sogndal og Sogndalselvi. Han har brukt mesteparten av tida si på elva, og ynskjer å dele av sin lidenskap for vatnet og naturens utemmelege krefter.

bottom of page