


21. April
18:00
HALLEN
“Light Lines” er eit kunstprosjekt der målet er å ta unike bilete av skikøyring i mørket på ikoniske norske fjell, og å setje tap av natur høgare på den politiske agendaen. Foredragshaldar Calum Macintyre er snøbrettkøyrar og klimaaktivist. Saman med Vegard Aasen prøvar dei nå å gjennomføre deira mest ambisiøse prosjekt nokon gong - å fange 10 bilete i mørketid frå 10 av Noregs mest ikoniske fjell. I tillegg ynskjer dei å få friluftsliv og miljø inn i det store politiske spørsmålet – korleis kan vi løyse naturkrisa? Fotoprosjektet "Light Lines" har som mål å vise korleis vi, som menneske og skikøyrarar, kan endre naturen på eitt augneblink.
Lyslinjene er ei påminning om makta og påverknaden me, som mennesker, har på naturen rundt oss. Dette er foredraget for deg som vil lære meir om naturen og snøen, vår påverknad på den og bli engasjert i korleis me kan vere ei del av løysinga.